Laksagiljo, ei unik oppleving med Bygdasjarm

Laksagiljo, ei unik oppleving med Bygdasjarm.

Heimesida til Bygdasjarm.

Ser du etter ei oppleving som er unik, som du er ein del av og heilt utanom det vanlege så kan det hende at «eventyret» til, på og i Laksagiljo er det du skal bli med på.

Fisket fra laksgiljo har lange tradisjonar i Osterfjorden, men i dag står giljene som flotte påminningar om karane som «sat etter laksen» og tente sine nødvendige kroner til familien. Dette var ein fangstmetode etter laks og ørret og Vossolaksen var både ettertrakta og smakfull. Så vel for Lordane som fiska i Vossoelva og for bonden som fiska med sittjenot i fjorden.  

Turen med Bygdasjarm tek om lag 2 timar. Undervegs får du bla smake på lokalprodusert røykjelaks av svært høg kvalitet.  

Når me møtes slår me av ein lausleg prat før me tek fatt på sjølve opplevinga, som vidare inneber ein liten etappe langs vakker veg bygd for handkraft, ned til laksegilja og vidare heilt ned til nothuset. Heile vegen er me i eit samspel med dei vakre omgjevnadane.

For nærare informasjon om tidspunkt for opplevinga sjå Facebook sida til Bygdasjarm.

Evt ta direkte kontakt anten med Bygdasjarm eller Fjordslottet.

Dersom du ynksjer kan Fjordslottet skreddarsy eit opplegg med båttransport for å besøkja Anne Lise og giljo.

 Me sjåast på giljo!»

Anne Lise Leiren Mastervik tar imot deg for omvisning på giljo. Foto: Irene Mjelde

Anne Lise Leiren Mastervik tar imot deg for omvisning på giljo.

Foto: Irene Mjelde

Foto: Irene Mjelde

Foto: Irene Mjelde


Sjå fleire aktivitetar:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Gards- og stølsbesøk

Neste
Neste

Vandring/ fjelltur