Maletimen på Den Grøne Fabrikken
Bygge fellesskap og kreativitet med dine ansatte på ein ny og spanande måte?
Skreddersydd opplegg til grupper. Ein kan arbeide individuelt eller i fellesskap. Under veiledning skapar ein sitt eige bilete, eller eit felles arbeid. Det er fokus på spontanitet og det krevs ingen forkunnskap for å delta.
Bygg sterkare relasjoner, dyrke kreativitet og få dine ansatte inspirerte.
Kven har kurset?
Else Karin Tysse Bysheim er utdanna kunstnar og kunstterapaut og har mange års erfaring med arbeid der ein uttrykker seg gjennom ulike handverksmetodar. Du kan lese meir om Else Karin på www.elsekarin.no.
I maletimen får du inkludert:
- 2 timar maling m/veiledning
- Maling
- Lerret/maleplate
- Lån av penslar, maleforkle, staffeli og anna utstyr
Pris:
Minimum 4 personar kr.4500,- Kr. 850,- per person over dette.
Ta kontakt for booking eller meir informasjon.
Om plassen:
Den Grøne Fabrikken ligg heilt i sjøen, i eit historisk og vakkert verkstad- og naustmiljø i Mjøsvågen. Her kan du finne ro og inspirasjon. Kombiner gjerne med eit opphald i Flabellina, den flytande kunstbadstova i Mjøsvågen.