Om Fjordslottet Hotell
Ein herskapeleg historie
Med historie i veggane - omkransa av fjord og fjell - ønskjer Fjordslottet Hotell velkommen til ei herskapeleg hotelloppleving. Fjordslottet Hotell ligg på Osterøy – nord Europas største innlandsøy - ei perle for gode opplevingar.
Osterøy verkar nærmast usannsynleg der ho ligg langt inne i landet med eit eventyrleg mangfald av opplevingar: natur, historie, kultur, aktivitetar og næringsliv. Omtala som «småindustriens Mekka» og eit «Noreg i miniatyr.» Det var her bergenskjøpmannen Carl Joacim Hambo fann elva som gav energi til oppstart av Fotlandsvåg Bomuldspinnerie i 1851, og som førte til oppføring av ein herskapeleg privatbolig for familien.
Frå 1975 har huset tatt i mot gjester, først som leirskule og pensjonat, og frå 1997 – etter ei omfattande restaurering - som hotell. Den historiske atmosfæren inviterer til ei personleg og heimekosleg hotelloppleving i våre intime og koselege salongar og stover.