Tilbake til alle arrangementer

Yoga- og velvære helg


YOGA OG AKTIVITET I DEN GRØNE FABRIKKEN

I det som ein gong var ein møbelfabrikk vil me invitere til ulike yogaopplevingar. Fabrikken ligg heilt nede i sjøen, og det er lagt til rette for både bevegelse og ro frå lyden av bølgjeskvulp.

Denne laurdagen vil me by på fleire yogaøkter i ulik form med fokus på både ro og sprudlande energi. Me inviterer deg med i vår flytande kunstbadstove og lager til ein deilig lunsj. Her vil du kunne ta deg eit friskt sjøbad og og nyte her og no. Etter lunsj vil me bruke tida på spa yoga. Dette er ein time med fokus på å gje slepp og kjenna på velvære. Lett berøring, eteriske oljer og musikk blir brukt som verktøy for å lettare landa og finna ro. Tidlegare deltakarar har gitt tilbakemelding om at denne delen rett og slett var magisk.

OVERNATTING

På ærverdige Fjordslottet Hotell i Fotlandsvåg, kun 5 minutt kjøring unna Den Grøne Fabrikken, losjerer du deg inn for helga. Du må ordne transport til og fra sjølv.

EIt hotell med historie i veggane og som er omgitt av mektig vestlandsk natur med fjord og fjell.

Sundag etter frokost er moglegheitene mange for å fortsatt nyte nokon timer på Osterøy. Du kan til dømes enten gå ein tur, og me kan varmt anbefale fantastiske Kossdalen.

PRIS FRÅ KR 4290,- PER PERSON, INKLUDERER;

Overnatting på Fjordslottet hotell m/frokost

3-retters middag laurdag

Fleire yogaøkter laurdag

Lunsj i Den Grøne Fabrikken laurdag

Opphald i Flabellina - flytande kunstbadstove

Forrige
Forrige
23. november

Julebord 2024