Velkommen til geitemjølking på Hole gard

- ei ekte oppleving for små og store!

Fjordslottet Hotell har gleda av å kunna tilby ei spennande, lærerik og ekte gardsoppleving for grupper/gjestar i samarbeid med Hole gard.

Du får omvisning på garden og geitebonden Øystein gjev ei levande forteljing om livet på garden. Du får vera med på geitemjølking, og du kan også få  laga sin eigen geitost, som du kan få med heim, dersom det vert laga ost den aktuelle dagen.

Garden ligg i bygda Hosanger på vegen inn mot Kossdalen og Kossdalsvingane, og har mjølkeproduksjon med omlag 70 mjølkegeiter. Geitene vert mjølka morgon og kveld.

Det er eige ysteri på garden, der det vert laga tradisjonell brun geitost. Osterøy har lange tradisjonar når det gjeld å laga brun geitost. Brunost frå Osterøy har hatt eit kvalitetsstempel i lange tider.

Pris:

  • Vaksne kr. 250.-/ kr. 375,- med ostelaging

  • Born kr. 190,-/ kr. 290.- med ostelaging.

Minimumsantall: 4 personar Besøkstid : ca 1,5 - 2 timar

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Gards- eller stølsbesøk