Kleiveland Gard og laksegiljene

På Kleiveland, ved Osterfjorden, har det vore busetnad sidan 1500-talet! Ein mann kall Tyke kom roande inn Osterfjorden og såg laksen spretta - og busette seg her. Etter kvart kom det fleire folk hit, men det var ikkje meir enn fire-fem gardar. Levevegen var jordbruk og laksefiske med gilje og sitjenot.

Bygda var veglaus heilt til 1983. På den nyrestaurerte låven kan du få oppleva kosleg, intim stemning med levande lys og saueskinn, peis og stor terasse. Her kan du få høyra spennande laksehistorie, og få kjennskap til fiskemetodane som var livsgrunnlaget for bygda i eldre tider. 

Det kan serverast heimerøykt laks og andre lokale godbitar.

Sjå meir på Facebook sida til Kleiveland Gard.

Heimesida til Kleiveland Gard.

Laksegilja på Indre Askildneset.

Foto hentet fra: Kleiveland Gard

Foto hentet fra: Kleiveland Gard


Sjå fleire aktivitetar:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Gardsbesøk på Hauane gard

Neste
Neste

Gards- eller stølsbesøk